Tilbake
14/3/2022
Mediesaker

Intervju i Grannar Avis

Intervju i Grannar 14. mars, les intervjuet her

Bilde av Ingeborg Margrete Johansen, Foto: Svein-Erik Larsen
Foto: Svein-Erik Larsen

Ingeborg Margrete (32) vil gjere verda rein med kråker

Ingeborg Margrete Johansen (32) frå Etne fekk tilsendt ein liten filmsnutt på Instagram om ei skjor som plukka boss. Nå vil ho lære opp kråker til å reingjere gater i det nystarta selskapet The Boss AS.

— Eg vil vere med i søppelkampen, og dette er mitt bidrag, seier Ingeborg Margrete Johansen.

Ho er kjend i Etne som ein av bygda sine fremste dyrevener. 32-åringen er blant anna  ekvipasjar i den frivillige organisasjonen Norske Redningshunder med hunden sin, og var ein sterk pådrivar for at Etne kommune til slutt snudde og blei med eit regionalt samarbeid om smådyrvakt på Haugalandet.

Opplæring

Nå er ho klar for å gjere den tidvis stigmatiserte kråka populær.

— Prosjektet går ut på å lære ville kråkefuglar i områda dei lever i til å plukke boss frå gater og grøfter basert på positiv læring. Eg kjem til å læra dei opp gradvis på avstand med eit lønningssystem med hjelp av nøtter og teknologi, fortel Johansen.

Det er planlagt eit liknande pilotprosjekt i svenske Södertälje som selskapet Corvid Cleaning står bak. Johansen vil lære kråker å plukke plast av mindre storleik, sneipar, plastbitar og liknande, slik at ein ikkje risikerer at dei heng seg fast i det dei plukkar. Planen er leige ut containerar med utstyr og opptrening av kråkefuglar og vedlikehald der kunden betalar ein månadleg sum.

Startar i det små

Forutan The Boss-prosjektet jobbar Johansen fulltid som systemingeniør hos Omega 365 Solution i Ølensvåg. Tida til prosjektet blir lagt inn mellom jobb og hundetreningar. Ho beskriv dei første vekene som interessante.

— Eg i møte og snikrar litt i garasjen heime. Det tekniske har eg vore så heldig å fått ein skikkelig «Petter Smart» med namn Joakim Myrbakken til å hjelpe meg med, så vekene er fulle av optimisme og motivasjonen er på topp, seier gründeren.

Det er tydeleg at mange ser behovet for eit krafttak for å halde nærmiljøet reint. Johansen har fått mykje positiv respons på initiativet sitt, og har hatt gode samtalar med vener og kjende.

— Dei deler idear og tankar til meg som gjer at eg kan utvide konseptet, men også sjå problem som kan dukke opp undervegs. Dette er viktig å ha eit bevisst forhold til, slik at ein kan tenke ut metodar for å løyse dei, fortel Johansen.

Vil bidra for lokalmiljøet

Når Johansen møter Grannar torsdag ettermiddag tek ho ein spasertur rundt sentrumsområdet  der Bunnpris pleidde å vere, som er kjend som eit av områda med mest boss i heimbygda. I framtida kan kanskje kråker vere med å gjere den tidlegare «bygdemetropolen» rein.

— Om prosjektet lykkast vil det vere eit stort «miljø-pluss» i boka for lokalsamfunnet. Ved å få samla boss unngår ein at det hamnar i havet og i magen på andre dyr. Mikroplast er eit globalt problem og løysninga er at alle hjelper til litt med dei kan. Eg håpar at med å trene kråkefuglane til å hjelpe oss med søppelkampen, vil det hjelpe, seier etnebuen.

På kort sikt er Johansen sitt mål for prosjektet å gjere sitt for miljøkampen i nærmiljøet. Ho oppmodar andre om å komme med sine bidrag.

— Alle kan gjere litt. Om ein ser boss ute på tur så plukk det med deg og kast det når du kjem heim. Då har du gjort ein forskjell. Ein kan ikkje redde heile verda, men ein kan verkeleg gjere mykje i sitt eige område om ein bare gjer noko, meiner Johansen.

Om prosjektet lykkast vil det vere eit stort «miljø-pluss» i boka for lokalsamfunnet
Ingeborg Margrete Johansen, gründer av The Boss AS

Ambisiøs

Sjølv om Johansen sitt prosjekt er i ein startfase i garasjen heime i Etne er moglegheitene langt frå avgrensa til heimbygda. Søppel er eit stort problem på verdsbasis som dukkar opp i media med jamne mellomrom. Johansen håpar at praksisar slik som hennar prosjekt og tilsvarande kan bli utbreidd globalt.

— Det kan bety enormt mykje. Om ein får ordningar og ein god prosedyre for denne type opplæring med kråkefuglar meir globalt vil det kunne samlast inn enorme mengder plast. Eg håpar The Boss kan nå langt i Noreg og at me kan vere med å gå i front med metoden, seier etnebuen.

Eit anna pluss gründeren trekkjer fram er det å lære seg å samarbeida med andre artar, noko ho meiner kan vere med å bidra til meir forståing om dyra me har rundt oss. Ho har høge ambisjonar for The Boss AS.

— Det er store, hårete og pompøse mål. Eg ønskjer at folk skal få eit positivt inntrykk av fuglane me deler byar, bygder og land med, ha reine gater, samt få Noreg til å bli verdas reinaste land igjen slik det ein gang var, avsluttar Johansen.

Fra Grannar