Foredrag på Næringsgiv
23 mai var det næringsfest på Olalia!
23 mai var det næringsfest på Olalia!
Arrangør var Fikse Næringsforening, med samarbeidspartnarar Medvind Næringshage, Grannar, Sparebank 1 SR-Bank, Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest. Det året sette dei søkelyset på dei som hadde våga å satsa på eigne vegar, og som hadde hatt viljen til å lukkast på eiga hand og med utradisjonelle val.
Ingeborg fyrte ikkje for kråkene, men fyrte dei opp til å bli gode bossplukkarar. 34-åringen frå Etne kom opp med den ville ideen om å trene opp kråker og skjærer til å hente søppel. Målet var å redusere tida som blei brukt på å rydde boss utandørs, redusere kostnadene for ryddinga og redusere boss på avvege. Ideen hadde vunne fleire prisar, og då jobba ho med testversjonen. "DeBoss" hadde fått mykje merksemd, både for den innovative forretningsideen, men også på grunn av Johansen sitt brennande engasjement for gründerskap.
– Eg vart overraska då eg starta opp med dette og fann ut at det jo finst eit heilt apparat rundt dei som vil skape noko sjølv. Dette veit me for lite om, og me veit for lite om kva som krevst for å stable ei eiga bedrift på beina. På Olalia fotalde Ingeborg fortelja om si reis, frå skule-lei til "kick-ass-boss" gründer. Og delte tips og erfaringar om framgongsmetodikk.