Tilbake
6/6/2024
Føredrag

Foredrag på Enge skule

På Enge Skule heldt DeBoss eit inspirerande foredrag om korleis ein kan ta seg fram med gründeridear og finne ut kva ein brenn for i livet.

Bilde av presentasjonen til DeBoss på lerret

Dei delte erfaringar om oppstarten av deira innovative prosjekt, korleis dei trena opp kråker og skjærer til å hente søppel, og korleis ideen har utvikla seg. Elevane fekk innsikt i kor viktig det er å følgje lidenskapane sine, ta sjansar og vera kreative for å lukkast som gründerar. Foredraget motiverte mange til å tenke utanfor boksen og utforske eigne interesser og idear.