DeBoss trenar kråker og skjorer til å plukke alt frå sneipar til anna søppel.
DeBoss trenar skjorer og kråkefuglar til å rydde småsøppel på eige initiativ, som takk får dei noko godt.
Ingeborg Johansen har vore aktiv med hest og hundesport sidan 2004 og er tidlegare godkjent hundeførar med redningshunden Link. Ho har hatt fleire kurs innan dyrehald og trening, har bachelor i økologi og naturforvaltning, og har jobba som systemingeniør sidan 2019.
I 2022 byrja ho prosjektet og laga ein prototype av ein foringsautomat, som lønnar fuglar for å kaste småsøppel. Foringsautomaten er berre open ein del av dagen, kan fjernstyrast og stengast for å unngå å forstyrre fuglane sin hekkesesong og dei naturlege rutinane.
DeBoss skal utvikle en teknisk løysning for å få trent opp ville kråkefuglar til å plukke søppel ved hjelp av positiv påskjøning.
Me jobbar på lag med dyra.
Ønskjer du å bli med på prosjektet? Ta gjerne kontakt